Taigaspissmus (Sorex isodon) er eit pattedyr i spissmusfamilien. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg i vest til den russiske stillehavskysten i aust, men bestanden er ikkje jamt fordelt i heile dette området. Førekomstane i Skandinavia kan vera isolerte frå resten av stammen og vart ikkje påviste før i 1949.[1] I Noreg er ho berre kjend frå eit drygt dusin enkeltfunn, mest i Hedmark men òg Troms og Vestlandet. Det er uvisst kor stor og utbreidd bestanden i Noreg eigentleg er.[2]
Taigaspissmus (Sorex isodon) er eit pattedyr i spissmusfamilien. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg i vest til den russiske stillehavskysten i aust, men bestanden er ikkje jamt fordelt i heile dette området. Førekomstane i Skandinavia kan vera isolerte frå resten av stammen og vart ikkje påviste før i 1949. I Noreg er ho berre kjend frå eit drygt dusin enkeltfunn, mest i Hedmark men òg Troms og Vestlandet. Det er uvisst kor stor og utbreidd bestanden i Noreg eigentleg er.