dcsimg

Spindalis ( Norwegian )

provided by wikipedia NN


Puertoricospindalis, Spindalis portoricensis Foto:
Puertoricospindalis, Spindalis portoricensis
Foto: "Mike's Birds"
Systematikk Rike: Animalia Rekkje: Chordata Klasse: Aves Orden: Passeriformes Familie: Spindalidae Slekt: Spindalis Vitskapleg namn Spindalis
Jardine & Selby, 1837

Spindalis er ei biologisk slekt av fire fugleartar som har hatt uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Dei er endemiske til Karibia, konsentrert om Dei store Antillane.

Dette er fuglar med stor kjønnsdimorfisme i fjørdrakta: hannar er fargerike fuglar, kontrastrike svartkvite striper på hovudet og vengene, oransje til gul eller gulgrøn kropp. Hoer er langt meir avdempa grålege til olivengrøne og manglar svartkvitt mønster. Spindalisar er ca. 15 til 18 centimeter i kroppslengd.

Storleiken på populasjonane er ikkje kjent, men rekna som stabil, og dei er lista som livskraftige, LC, hos Birdlife International.[1]

Slekta var tidlegare rekna som medlem av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie Spindalidae.[2]

Artslista

Spindalis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Kjelder

Referansar

  1. 2017 BirdLife International Søk på Spindalis
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 655, Spindalidae, Cornell Lab of Ornithology
  3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 4. oktober 2017 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spindalis
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Spindalis: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Spindalis er ei biologisk slekt av fire fugleartar som har hatt uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Dei er endemiske til Karibia, konsentrert om Dei store Antillane.

Dette er fuglar med stor kjønnsdimorfisme i fjørdrakta: hannar er fargerike fuglar, kontrastrike svartkvite striper på hovudet og vengene, oransje til gul eller gulgrøn kropp. Hoer er langt meir avdempa grålege til olivengrøne og manglar svartkvitt mønster. Spindalisar er ca. 15 til 18 centimeter i kroppslengd.

Storleiken på populasjonane er ikkje kjent, men rekna som stabil, og dei er lista som livskraftige, LC, hos Birdlife International.

Slekta var tidlegare rekna som medlem av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie Spindalidae.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN