dcsimg

Laks ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å eta krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verta opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.

 src=
Teikning av laks i sjøen.

Laksen lever både i ferskvatn og uti havet. Han gyt i elvar. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dimed ein fisk som er klar til å vandra frå innsjøar og elvar og ut i havet.

På grunn av landhevinga etter siste istid vart ein del laksestammar stengde inne og mista tilgang til saltvatn. Desse lever heile sitt liv i ferskvatn og blir omtala som innsjølaks eller reliktlaks. I Noreg er det to kjende innsjølaksar; namsblank (småblank) i elva Namsen og bleke (byglandsbleke) i Byglandsfjorden. Den største innsjølaksen er Venerlaksen som før utbygginga av Klarelva gjekk opp til Trysil.[1][2][3] Det har òg vore ein reliktlaks i Arendalsvassdraget, Nelauglaks. Denne blir rekna som utrydda.

Det vert drive sportsfiske etter laks.

Mange stader i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Laks
  • http://namsblanken.no/historikk/
  • http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bleke
  • http://www.vanerblanket.se/om-vanern/fakta-om-vanerlaxen/
  • license
    cc-by-sa-3.0
    copyright
    Wikipedia authors and editors
    original
    visit source
    partner site
    wikipedia NN

    Laks: Brief Summary ( Norwegian )

    provided by wikipedia NN

    Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å eta krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verta opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.

     src= Teikning av laks i sjøen.

    Laksen lever både i ferskvatn og uti havet. Han gyt i elvar. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dimed ein fisk som er klar til å vandra frå innsjøar og elvar og ut i havet.

    På grunn av landhevinga etter siste istid vart ein del laksestammar stengde inne og mista tilgang til saltvatn. Desse lever heile sitt liv i ferskvatn og blir omtala som innsjølaks eller reliktlaks. I Noreg er det to kjende innsjølaksar; namsblank (småblank) i elva Namsen og bleke (byglandsbleke) i Byglandsfjorden. Den største innsjølaksen er Venerlaksen som før utbygginga av Klarelva gjekk opp til Trysil. Det har òg vore ein reliktlaks i Arendalsvassdraget, Nelauglaks. Denne blir rekna som utrydda.

    Det vert drive sportsfiske etter laks.

    Mange stader i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.

    license
    cc-by-sa-3.0
    copyright
    Wikipedia authors and editors
    original
    visit source
    partner site
    wikipedia NN