Piggfinnefiskar er ein orden ekte beinfiskar som omfattar over 7000 artar; rundt 40 % av alle fiskar ein kjenner til. 2000 av desse lever i ferskvatn, mellom anna åbor og dei fleste ciklidar. Elles held mesteparten av medlemmane i gruppa til i kystnært saltvatn. Gruppa er mellom dei yngste beinfiskane, og dukka opp i krittida. Det er usemje om systematikken hennar.
Namnet sitt har piggfinnefiskane fått på grunn av dei spisse finnestrålene mange av dei har fremst på rygg- og gattfinnane sine. Det er som regel to ryggfinnar. Bukfinnane består vanlegvis av ein pigg og opp til fem mjuke finnestrålar. Brystfinnane sit vanlegvis på sida av fisken, bak gjellene. Feittfinnar har dei ikkje.
29 familiar er registrerte i norske farvatn:

Åborfamilien Havåborfamilien Djuphavsåborfamilien Ørnefiskfamilien Sugefiskfamilien Taggmakrellfamilien Havbrasmefamilien Havkarussfamilien Mullefamilien Leppefiskfamilien Silfamilien Fjesingfamilien Havgjeddefamilien Trådstjertfamilien Makrellfamilien Sverdfiskfamilien Luvarfamilien Kutlingfamilien Fløyfiskfamilien Tangkvabbefamilien Steinbitfamilien Hornkvabbefamilien Langebarnfamilien Tangsprellfamilien Ålekvabbefamilien Snyltefiskfamilien Svartfiskfamilien Multefiskfamilien Barracudafamilien