dcsimg

Marsfiol ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Marsfiol (Viola odoráta) er ein plante i fiolslekta som blir opp til 7 cm. høg. Han blømer om våren med store mørkblå blomstrar som luktar godt. Blad og blomsterskaft dannar ein rosett ved bakken. Han har òg små blad på blomsterskaftet. Seinare kjem det blomstrar som ikkje opnar seg, men sjølvpollinerar. Desse har korte skaft og bøyer seg mot marka. Fruktene på desse blir modna på eller i molda. Plantar som har to slags frukt, på marka og i lufta, kallast amfikarpe. Eit anna døme er gaukesyre. Frøa til marsfiolen blir spreidde av maur. Planta formeirar seg også vegetativt med lange tæger, og kan danne store koloniar.

I Noreg er marsfiol ein forvilla hageblomster som finst rundt Oslofjorden, sør til Arendal. Det er òg førekomstar ved Mandal og Stavanger.

Kjelde

  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
  • C. A. M. Lindman: Nordens flora. Oslo 1977.
 src=
Marsfiol. Sjå særleg korleis rosetten med blad- og blomsterskaft går av frå tægene, og dei små blada på blomsterskaftet.
Foto: Kjetil Lenes
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN