dcsimg

Leirtrast ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Leirtrast (Turdus grayi) er ein fugl i trastefamilien.

Utbreiinga er frå Nord-Colombia, gjennom Mellom-Amerika inkludert austlege Mexico og litt inn i den absolutt sørlegaste delen av staten Texas i USA. Dette er nasjonalfuglen i Costa Rica, der han er godt kjend som yigüirro.

Skildring

Generell er dette ein nokså einsfarga brun trast som liknar andre i slekta som til dømes hofuglar av svarttrast i Eurasia, men med bleikare nebb. Han har omtrent same kroppslengd eller litt mindre: 23-27 centimeter, og veg 74-76 gram i gjennomsnitt. Nebbet er svakt farga gulgrønt med mørk base mot nebbrota. Beina er rosa eller hudfarga, og iris er raudbrun. Fjørdrakta er litt lysare under enn over, lysast på flankane. Strupen er svakt stripa. Ungfuglar har svak marmorering på undergumpen.

Songen er sett saman av mange ulike, utydelege, men musikalske uttrykk som ofte blir tatt opp att uregelmessig.

I store delar av utbreiingsområdet sitt er han kjend i gardsrom og hagar, i likskap med andre trastar som vandretrast, svarttrast og måltrast. I 1977 valde Costa Rica yigüirro som eit nasjonalt symbol, trass i at mange andre artar i landet er mykje meir fargerike fuglar. Han blei valt på grunn av den sterke og melodiøse songen som alltid tar til i byrjinga av regntida. I tillegg, i motsetnad til mange av songfuglar i Costa Rica, har han vore kjend blant folkesetnaden sidan den tidlege historia i landet, takka vera tendensen til å leve i nærleiken av hus og busetjingar.[1]

Leirtrasten sin vanlegaste føde er frukt[2] eller virvellause dyr på eller nær bakken, einskildvis eller i par, men flokkar kan beite høgt i frukttre. Dei kan følgje vandremaur for å beita på små byttedyr som blir forstyrra av maurkolonnar.

Han byggjer ei kraftige, koppforma reir av gras, mose, fjører, blad og gjørme på eit fast fundament over bakken, som til dømes kan vere menneskelege konstruksjonar som glaskarmar. Mellom mars og juli legg hoa to til fire lyseblå egg med raudbrune og grå markeringar, og paret kan få to kull. Dei er aggressive når dei vernar reiret, og dei har vore kjende for å mobbe rovfuglar så store som kongeørn, men elles er dei ikkje særleg territoriale. Aggressiv åtferd mot eggparasittar kan forklare kvifor dei ikkje har utvikla fullkomen evne til å kjenne att framande parasittiske egg. Leirtrasten er ein av berre svært få fugleartar som delvis kastar ut egg, berre ca. 25 % av individa oppdagar og kastar ut parasittiske egg lagt av bronsetrupialar.[3]

Storleiken på populasjonen er ikkje kjend og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som livskraftig.[4]

Kjelder

Referansar
  1. «Simbolos Patrios: El Yigüirro» [National Symbols: The Clay-coloured thrush]. Museos de Costa Rica (på Spanish). Museos de Costa Rica. Henta 10. februar 2016. External link in |website= (hjelp) CS1 maint: Unrecognized language (link)
  2. Foster, M. S. (2007). «The potential of fruiting trees to enhance converted habitats for migrating birds in southern Mexico». Bird Conservation International (BirdLife International) 17 (1): 45–61. doi:10.1017/S0959270906000554.
  3. Rasmussen, J.; Sealy, S. G.; Elliott, M. F.; Elliott, K. H. (2012). «Infrequent ejection of artificial Bronzed Cowbird (Molothrus aeneus) eggs by the Clay-colored Thrush (Turdus grayi) in Costa Rica». Ornitologia Neotropical 23 (1): 33. Henta 5 August 2015.
  4. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Leirtrast
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Leirtrast: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Leirtrast (Turdus grayi) er ein fugl i trastefamilien.

Utbreiinga er frå Nord-Colombia, gjennom Mellom-Amerika inkludert austlege Mexico og litt inn i den absolutt sørlegaste delen av staten Texas i USA. Dette er nasjonalfuglen i Costa Rica, der han er godt kjend som yigüirro.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN