dcsimg

Finkefamilien ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Finkar er ca. 200 artar av sporvefuglar i familien Fringillidae. Dei er hovudsakleg frøetande songfuglar. Dei fleste lever på den nordlege halvkula, men ein underfamilie er endemisk til den neotropiske regionen, ein til Hawaii, og ein underfamilie - monotypiskgenus-nivå - finst berre i den palearktiske regionen. Det vitskaplege namnet Fringillidae kjem frå det latinske ordet 'fringilla' for bokfink (Fringilla coelebs) - ein medlem av den siste underfamilien - og han er vanleg i Europa.

Mange fuglar i andre familiar har òg ofte vore kalla finkar. Til dømes praktfinkar for astrildar i fangenskap, og darwinfinkarGalapagosøyane, som gav prov på naturleg utval, er no anerkjende for å vere tanagarar. Vierfink er ein art utan nærskylde og er si eiga slekt og eigen distinkte familie Urocynchramidae.

Nokre finkeartar blir smugla over landegrenser og selt som eksotiske kjæledyr.

Skildring

 src=
Variantar av nebb- og tungeformer innanfor hawaiifinkane

Dei klassiske finkane varierer i storleik frå paramosisik på 9,5 centimeter og 8,4 gram til gullkjernebitar med sine nesten 23 cm og 80 g. Dei har vanlegvis kraftige, korte nebb, som blant nokre artar kan vere ganske store, men hawaiifinkar er kjende for det breie spektret av nebbformer og storleikar utvikla gjennom adaptiv stråling. Alle finkar har 9 utvikla handsvingfjører, primærer, det mest vanlege er 10 primærer for andre sporvefuglar. Den grunnleggjande farga på fjørdrakta er brunleg, nokre gonger grønaktig, og mange har store mengder svart, medan kvit fjørdrakt er generelt fråverande unntatt som vengeband eller andre signalmerke. Lyst gult og raudt karotenoidpigment er vanleg i denne familien, og dermed er blå strukturelle farger er ganske sjeldne, ettersom det gule pigmentet slår den blå farga over til grønt. Eit unntak er blåfink. Mange, men slett ikkje alle finkar har sterk kjønnsdikromatisme, hoene manglar vanlegvis dei lyse karotenoidteikningane som hannar blant mange artar har.[1]

Typiske habitat for finkar ligg i skogsområde, men nokre kan leve høgt til fjells og jamvel i ørkenar. Dei er primært frøetarar, men eufoniaer og klorofoniaer inkluderer betydelege mengder leddyr og bær i dietten, og hawaiifinkar har utvikla seg til å nytte eit breitt spekter av matkjelder, inkludert nektar. Dietten til finkeungar inneheld ei varierande mengd små leddyr. Finkar har ein hoppande flukt som dei fleste andre små sporvefuglar, med vekslande utbrot av kraftige vengeslag følgt av glideflukt med lukka venger. Dei fleste syng bra, og fleire blir ofte haldne som burfuglar; mest kjend av desse er den domestiserte kanariirisken. Dompap har tydelege og korte songstrofer, men fuglane er kjende for å lære andre songar som dei høyrer. Dompapar syng lærde songar med presisjon sjølv om dei ligg ein halvtone høgare enn melodien opphavleg plystra til dei.[2] Reira er kurvforma og blir vanlegvis bygd i tre, meir sjeldan i buskar, mellom steinar eller på liknande underlag.[1]

Artslista

 src=
Blånakkeklorofonia, Chlorophonia cyanea
Foto: Dario Sanches
 src=
Brunsisik, Acanthis cabaret
Foto: Mark Medcalf
 src=
Grånakkefjellfink, Leucosticte tephrocotis
Foto: Alan D. Wilson

Finkar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Slekt Fringilla

Slekt Chlorophonia, 5 artar av klorofoniaer

Slekt Euphonia, 27 artar av eufoniaer

Slekt Mycerobas

Slekt Coccothraustes

Slekt Eophona

14 slekter med 23 artar av hawaiifinkar, (draktfuglar, Drepanidinae):

Slekt Carpodacus, 26 rosenfinkar

Slekt Pinicola

Slekt Pyrrhula

Slekt Rhodopechys

Slekt Bucanetes

Slekt Agraphospiza

Slekt Pyrrhoplectes

Slekt Callacanthis

Slekt Procarduelis

Slekt Leucosticte, 6 fjellfinkar

Slekt Haemorhous

Slekt Rhodospiza

Slekt Rhynchostruthus

Slekt Chloris

Slekt Linurgus

Slekt Crithagra, 36 iriskar

Slekt Linaria

Slekt Acanthis

Slekt Loxia

Slekt Chrysocorythus

Slekt Carduelis

Slekt Serinus

Slekt Spinus, 20 sisikar

Kjelder

Referansar

  • Birkhead, Tim (7. mars 2011). The Wisdom of Birds: An Illustrated History of Ornithology. Bloomsbury Publishing PLC. ISBN 0747598223.
  • Clement, Peter; Harris, Alan & Davis, John (1993): Finches and Sparrows: an identification guide. Christopher Helm, London. ISBN 0-7136-8017-2
  • Newton, Ian (1973): Finches (New Naturalist series). Taplinger Publishing. ISBN 0-8008-2720-1
  1. 1,0 1,1 Newton (1973), Clement et al. (1993)
  2. Birkhead, Tim (2011)
  3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Finkefamilien: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Finkar er ca. 200 artar av sporvefuglar i familien Fringillidae. Dei er hovudsakleg frøetande songfuglar. Dei fleste lever på den nordlege halvkula, men ein underfamilie er endemisk til den neotropiske regionen, ein til Hawaii, og ein underfamilie - monotypiskgenus-nivå - finst berre i den palearktiske regionen. Det vitskaplege namnet Fringillidae kjem frå det latinske ordet 'fringilla' for bokfink (Fringilla coelebs) - ein medlem av den siste underfamilien - og han er vanleg i Europa.

Mange fuglar i andre familiar har òg ofte vore kalla finkar. Til dømes praktfinkar for astrildar i fangenskap, og darwinfinkarGalapagosøyane, som gav prov på naturleg utval, er no anerkjende for å vere tanagarar. Vierfink er ein art utan nærskylde og er si eiga slekt og eigen distinkte familie Urocynchramidae.

Nokre finkeartar blir smugla over landegrenser og selt som eksotiske kjæledyr.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN