dcsimg
Image of Ananas comosus var. comosus
Creatures » » Plants » » Dicotyledons » » Bromeliads »

Pineapple

Ananas comosus (L.) Merr.

Ananas ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Ananas (Ananas comosus) er frukta frå ein vekst i ananasslekta i ananasfamilien. Veksten er opphavleg frå Brasil og Bolivia, men er dei siste fem hundreåra spreidd til andre verdsdelar og dyrka der. Namnet «ananas» kjem frå tupi-guarani anānā, anamá eller naná.[1][2]

Ananasen, som er ei rosettplante, trivst best i 25–30 grader og treng ca. 1000–1500 mm regn per år. Ananasplanta lever i cirka tre år. Når planta er 2–3 år ber ho frukt, sidan visnar ho og døyr. Ananasen har ein frukttype som kallast samansett frukt som er ein diaspore danna av ei stor mengde blomar rundt stamma.

Ananasfrukta vert i kosthaldet nytta i mellom anna dessertar, fruktsalatar, kjøtt- og fiskerettar, salatar og som pizzatopping[3]. For å kunne ete frukta må det taggete skalet og det treaktige partiet i midten, ananasstokken, skjerast vekk. Dette er grunnen til at konservert ananas i skiver ofte har form som ein relativt smal ring med eit stort hol i midten. Ananasfrukta kan vege over to kg. Kolibri er den vanlegaste pollinatøren av ananas.

Kjelder

  1. Umberto Quattrocchi (1999), CRC World Dictionary of Plant Names, CRC Press, s. 129
  2. «Ananas», Store norske leksikon, 26. desember 2015
  3. Opplysningskontoret for frukt og grønt: Ananas

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Ananas: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Ananas (Ananas comosus) er frukta frå ein vekst i ananasslekta i ananasfamilien. Veksten er opphavleg frå Brasil og Bolivia, men er dei siste fem hundreåra spreidd til andre verdsdelar og dyrka der. Namnet «ananas» kjem frå tupi-guarani anānā, anamá eller naná.

Ananasen, som er ei rosettplante, trivst best i 25–30 grader og treng ca. 1000–1500 mm regn per år. Ananasplanta lever i cirka tre år. Når planta er 2–3 år ber ho frukt, sidan visnar ho og døyr. Ananasen har ein frukttype som kallast samansett frukt som er ein diaspore danna av ei stor mengde blomar rundt stamma.

Ananasfrukta vert i kosthaldet nytta i mellom anna dessertar, fruktsalatar, kjøtt- og fiskerettar, salatar og som pizzatopping. For å kunne ete frukta må det taggete skalet og det treaktige partiet i midten, ananasstokken, skjerast vekk. Dette er grunnen til at konservert ananas i skiver ofte har form som ein relativt smal ring med eit stort hol i midten. Ananasfrukta kan vege over to kg. Kolibri er den vanlegaste pollinatøren av ananas.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Vanlig ananas ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Vanlig ananas (Ananas comosus) er en plante i ananasfamilien. Ananasen kommer opprinnelig fra Sør-Amerika, men er blitt introdusert andre steder i verden for å dyrkes.

Ananasplantene blir 1-1,5 m høye, noen ganger høyere. Når frukten dannes produseres det omtrent 200 blomster. Når de blomstrer samles fruktene sammen og blir til en større frukt, det som kalles en ananas. Costa Rica er det landet som produserer mest ananas, det produseres ca 2,9 millioner tonn. I hele verden produseres om lag 25,4 millioner tonn ananas.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Vanlig ananas: Brief Summary ( Norwegian )