dcsimg
Image of sessile oak, durmast oak
Creatures » » Plants » » Dicotyledons » » Beech Family »

Sessile Oak, Durmast Oak

Quercus petraea (Matt.) Liebl.

Vintereik ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Vintereik (Quercus petraea) er eit tre i eikeslekta. Det er ein av to artar av eik som veks vilt i Noreg.

Skildring

I Noreg veks artane sommareik og vintereik vilt. Vintereika har det meste av visne lauvet hengande på over vinteren, til forskjell frå sommereika, som feller det meste av lauvet om hausten. Sommareika har svært kort bladstilk, men lang nøttestilk. Vintereik er motsett med lang bladstilk, men kort nøttestilk.

Treet dannar ofte hybridar med sommereik og får då latinsk nemning «Quercus × rosacea». Utsjånaden blir ein mellomting mellom dei to artane.

Blad

Blada er 7-14 cm lange og 4-8 cm breie. Dei er avlangt pæreforma med 5-6 flikar på kvar side. Oversida er blank mørkegrøn og lêraktig, undersida er mattere og ljosare.

Nøtter

Nøttene er ovale med ei lengd på 2-3 cm og ei breidd på 1-2 cm Dei er først grøne, men mognast til brune etter ca 6 mnd.

Utbreiing

Vintereik er utbreidd over det meste av Europa, frå atlanterhavskysten til europeiske Russland og frå Middelhavet til det sørlege Noreg. Treet er nasjonaltre i Wales.

Utbreiing i Noreg

Vintereika veks i tørr skog, i Noreg mest nær kysten lengst sør i landet, frå Halden kommune til Sula kommune, i innlandet nord til i Notodden kommune.

Bruk

Trevirket (alen) er hardt og varig, og er ettertrakta for bruk i møbel og til tønner. Tidlegare var det svært ettertrakta som skipstømmer. Det har òg høg brennverdi.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vintereik
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Quercus petraea


license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Vintereik: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Vintereik (Quercus petraea) er eit tre i eikeslekta. Det er ein av to artar av eik som veks vilt i Noreg.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN