dcsimg
Unresolved name

Cypridopsis vidua

Stripemuslingkreps ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Stripemuslingkreps (Cypridopsis vidua) er ein muslingkreps med markerte tverrstriper. Han lever i ei rad ulike habitat; til dømes i småe næringsrike dammar eller grøfter på dyrka mark om sumaren, og i fjellet. Stripemuslingkreps økslar berre med jomfrufødsel.

Stripemuslingkrepsar har lange symjehår og er soleis tilpassa symjing. Dei er ofte på farten mellom algar og vassplantar. Røyne syner at dei nyttar tettveksande matter av algar som skjul for å verna seg mot veidande fisk.

I Noreg er stripemuslingkreps ein av dei vanlegaste muslingkrepsartane. Han er særs vanleg over heile Austlandet og er dessutan regelmessig observert på Vestlandet. Han er funne ved 1 100 meters høgd på Ringebufjellet og er elles støtt observert i fjellet i Sør-Noreg.

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Stripemuslingkreps: Brief Summary ( Norwegian )