Saxicola er ei biologisk slekt av ca. 15 artar av små sporvefuglar i flugesnapparfamilien avgrensa til «den gamle verda». Fleire artar i denne slekta har fellesnemningane 'buskskvettar' og 'svartstrupar' på norsk språk. Dei er insektetarar og lever i open krattskog og på grassletter med spreidde småbuskar.
Tidlegare nytta ein det vitskaplege namnet Saxicola torquatus for det ein trudde var eit større takson svartstrupe. Data frå DNA-analysar i 2002 synte at ikkje berre kanariskvett og reunionsvartstrupe er distinkte artar, men i tillegg trengjer afrikasvartstrupe, svartstrupe, Saxicola rubicola og asiasvartstrupe å vere rekna som sjølvstende artar. På grunn av forvekslingar ved tildeling av underarter, vart namnet S. torquatus i kort tid nytta for den europeiske svartstrupen, og den afrikanske svartstrupen blei til S. axillaris.
Studiar tyder på at underarten Saxicola torquatus sibilla på Madagaskar kan reknast som ein eigen art,[1] noko som òg er reflektert i IOC-lista.[2]
Skvettar og svartstrupar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Saxicola er ei biologisk slekt av ca. 15 artar av små sporvefuglar i flugesnapparfamilien avgrensa til «den gamle verda». Fleire artar i denne slekta har fellesnemningane 'buskskvettar' og 'svartstrupar' på norsk språk. Dei er insektetarar og lever i open krattskog og på grassletter med spreidde småbuskar.
Tidlegare nytta ein det vitskaplege namnet Saxicola torquatus for det ein trudde var eit større takson svartstrupe. Data frå DNA-analysar i 2002 synte at ikkje berre kanariskvett og reunionsvartstrupe er distinkte artar, men i tillegg trengjer afrikasvartstrupe, svartstrupe, Saxicola rubicola og asiasvartstrupe å vere rekna som sjølvstende artar. På grunn av forvekslingar ved tildeling av underarter, vart namnet S. torquatus i kort tid nytta for den europeiske svartstrupen, og den afrikanske svartstrupen blei til S. axillaris.
Studiar tyder på at underarten Saxicola torquatus sibilla på Madagaskar kan reknast som ein eigen art, noko som òg er reflektert i IOC-lista.