dcsimg

Gråpetrell ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Gråpetrell (Procellaria cinerea) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien med sirkumpolar utbreiing over hav, til vanleg i eit belte mellom ca. 25 og 60° sør, men òg nordover langs Perustraumen i Stillehavet til havet utanfor Chile og Peru.

Skildring

Gråpetrellen er ein stor grå, kvit og brun petrell. Han måler gjennomsnittleg 48 cm i lengd og veg 1000 gram. Han har brungrå overside frå hovud til hale, kvit buk, og undersida av venger og hale er oskegrå. Nebbet er grønleg med svart mellom platene på på nasebora og føtene er grårosa.

Denne arten har hekkeområdet sitt spreidd på mange øygrupper og øyar sirkumpolart i utbreiingsområdet nord for ca. 60° sør. Dei største hekkekolonien er rekna å vere på Antipodesøyane i Stillehavet, ca. 800 kilometer søraust for sørspissen på Sørøya på New Zealand. Det største estimatet der er 53 000 par i 2001. Andre større koloniar er på Gough Island, med over 100 000 fuglar,[1] og på Tristan da Cunha i Sør-Atlanteren.

Hekkinga føregår i lause koloniar, gjerne blanda med kvithovudpetrellar. Reiret ligg i hòler, frå 1 til 3 meter inn i bakken. På Tristan da Cunha skjer egglegging i perioden april til juni og den eine ungen i kullet blir flygedyktig frå oktober til desember. Rugetida er mellom 52 og 61 dagar og ungane treng ytterligare 110 dagar eller meir til dei er flygedyktige. Når dei søkjer føde i hekketida kan dei separere seg på kjønn slik at vaksne hofuglar søkjer lengre nord enn hannfuglar.[1][2]

Føda er som for mange andre stormfuglar, fisk og krepsdyr. Gråpetrellar kan stupdukke frå omkring 3 meters høgd for å fange byttet. Anna vektig næring er utkast av fiskeavfall frå fiskebåtar.

Arten er klassifisert som nær truga av IUCN. Trugsmåla er introduserte framande dyreartar på hekkeøyane, slik som rotter, men òg linefiske. I ei undersøking i perioden 1988 til 1997 viste det seg at opptil 27 % av fuglane som blei hekta fast på lineonglar var gråpetrellar.[1] Estimata for storleiken på populasjonen er usikre, eit estimat er 400 000 fuglar i 2004.[3] Bestanden er rekna å vere minkande.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråpetrell
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Gråpetrell: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Gråpetrell (Procellaria cinerea) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien med sirkumpolar utbreiing over hav, til vanleg i eit belte mellom ca. 25 og 60° sør, men òg nordover langs Perustraumen i Stillehavet til havet utanfor Chile og Peru.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN