Drymophila er ei biologisk slekt i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Seks av Drymophila-artane er forbunde med regionar i søraustlege Brasil, to av desse - kaingangmaurfugl og gråryggmaurfugl - breier seg òg inn i austlege Paraguay og snautt inn i nordaustlege biten av Argentina.
Sjølv på det høgste mangfaldet i Brasils Mata Atlântica, er artane nesten heilt parapatriske, i nokre tilfelle som gråryggmaurfugl og bandhalemaurfugl jamvel til sære habitatpreferansar. Sjølvsagt kan avskogingen i denne regionen dekke over at det har vore meir overlapping i fortida. I alle fall, kvart fragment av habitat har ein sterk tendens til å halde på høgst ein einskild art.[1]
Stripemaurfugl er ein art av den sørvestlege kvadranten av Amazonasbassenget, og ein åtskild populasjon lever i nordvestlege Ecuador og tilstøytande delar av Colombia.
Langhalemaurfugl er ein art i fuktig høgland, som strekkjer seg gjennom Andes frå vestlege Bolivia til nordvestlege Venezuela, med åtskilte populasjonar i Sierra Nevada de Santa Marta, Serranía del Perijá og Cordillera de la Costa.
Drymophila i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Drymophila er ei biologisk slekt i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Seks av Drymophila-artane er forbunde med regionar i søraustlege Brasil, to av desse - kaingangmaurfugl og gråryggmaurfugl - breier seg òg inn i austlege Paraguay og snautt inn i nordaustlege biten av Argentina.
Sjølv på det høgste mangfaldet i Brasils Mata Atlântica, er artane nesten heilt parapatriske, i nokre tilfelle som gråryggmaurfugl og bandhalemaurfugl jamvel til sære habitatpreferansar. Sjølvsagt kan avskogingen i denne regionen dekke over at det har vore meir overlapping i fortida. I alle fall, kvart fragment av habitat har ein sterk tendens til å halde på høgst ein einskild art.