dcsimg

Magdalenaeufonia ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Magdalenaeufonia (Euphonia concinna) er ein eufonia, ein fugl i ei biologisk slekt som normalt er klassifisert i finkefamilien. Arten er endemisk til Colombia med leveområde i Magdalenadalen.

Skildring

Dette er ein liten eufonia, ca. 9 centimeter og kroppsvekt på rundt 10 gram. Fjørdrakta er typisk for slekta, og viser sterk kjønnsdimorfisme: hannen har mørkblå overside med lilla skjer, djupgul underside og panneflekk. Hannen hos denne arten har dessutan blå strupe og øvre del av brystet og eit karakteristisk svart band rett over nebbrota. Hofuglen er lys olivengrøn på oversida og har skittengul underside. Magdalenaeufoniaer lever i område med open eller halvopen skog, gjerne nær rennande vatn og på dyrka område med trevekst, frå 200 til 1800 moh.[1] Her lever dei av frukt og bær, ofte frå misteltein.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande, men er klassifisert som livskraftig.[2]

Kjelder

Referansar
  1. Hilty, 2011
  2. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Magdalenaeufonia
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Magdalenaeufonia: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Magdalenaeufonia (Euphonia concinna) er ein eufonia, ein fugl i ei biologisk slekt som normalt er klassifisert i finkefamilien. Arten er endemisk til Colombia med leveområde i Magdalenadalen.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN