Kvitnebbkokaburra, Dacelo gaudichaud
Illustrasjon av John Gould, i public domain
Dacelo er ei biologisk slekt av kokaburraer og medlem av isfuglfamilien, Alcedinidae. Fuglane i slekta er naturleg heimehørande i Australia og på Ny-Guinea. Dette er store til svært store isfuglar, med ei totallengd i området 28 til 45 centimeter.
Dacelo-kokaburraer er best kjente for det umiskjennelege lætet, som høyrast forbløffande lik høg, menneskeleg latter - godmodig, men heller hysterisk. Prega av skjemt i tilfelle av den berømte latterkokaburra og manisk kakling i tilfelle av den litt mindre larmekokaburra. Dei er generelt ikkje nært knytt til vatn, og kan finnast i habitat som spenner frå fuktig skog til tørre savannar, men òg i forstadene og bustadområde med høge tre eller i nærleiken av rennande vatn og der mat lett kan søkjast.
Dacelo-kokaburraer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]