Metrosideros kermadecensis, på engelsk også kjend som Kermadec pōhutukawa og New Zealand Christmas bush,[1] er eit eviggrønt tre i myrtefamilien som berre veks på dei vulkanske Kermadecøyane rundt 900 km nordaust for New Zealand.
Arten er det dominerande treet på Raouløya, der det kan bli 15 meter eller høgare. Stammen kan bli 1 meter eller meir i diameter. Treet har iaugefallande raude blomar danna av ei mengd støvberarar. Det liknar mykje på newzealandsk pōhutukawa, og blir ofte forveksla med denne slektningen. Skilnaden er at M. kermadecensis har mindre, meir ovale blad og blomstrar året rundt. Det liknar også Metrosideros polymorpha frå Hawaii.
Metrosideros kermadecensis er mykje dyrka på New Zealand og finst forvilla på Hawaii. Det finst ei variegert form som blir mykje brukt i hagar. Treet er lett å dyrka frå friske frø og frå skot frå bakken. Det kan hybridisera med pōhutukawa (M. excelsa).
Metrosideros kermadecensis, på engelsk også kjend som Kermadec pōhutukawa og New Zealand Christmas bush, er eit eviggrønt tre i myrtefamilien som berre veks på dei vulkanske Kermadecøyane rundt 900 km nordaust for New Zealand.