Radiata er ein taksonomisk rang som har vore brukt til å klassifisera radiært symmetriske dyr. Omgrepet Radiata har vore brukt om fleire ulike grupper av dyr. Mange av desse utgjer ikkje ei naturleg eller monofyletisk gruppe med ein felles stamfar ut frå det ein no veit om evolusjon. På grunn av konvergent evolusjon der organismar av ulik avstamming kan få liknande trekk, blir omgrepet i dag hovudsakleg brukt i historisk samanheng.[1]
Dei to manetgruppene Ctenophora og Cnidaria blei sameinte til Radiata tidleg på 1800-talet av Georges Cuvier.[2] I 1983 omdefinerte Thomas Cavalier-Smith Radiata som eit underrike danna av Myxozoa, Placozoa, Cnidaria og Ctenophora.[3] Lynn Margulis og K.V. Schwartz tok seinare Radiata inn i sin taksonoomi med fem rike, denne gongen med med berre Cnidaria og Ctenophora.[4]
Radiata er ein taksonomisk rang som har vore brukt til å klassifisera radiært symmetriske dyr. Omgrepet Radiata har vore brukt om fleire ulike grupper av dyr. Mange av desse utgjer ikkje ei naturleg eller monofyletisk gruppe med ein felles stamfar ut frå det ein no veit om evolusjon. På grunn av konvergent evolusjon der organismar av ulik avstamming kan få liknande trekk, blir omgrepet i dag hovudsakleg brukt i historisk samanheng.
Dei to manetgruppene Ctenophora og Cnidaria blei sameinte til Radiata tidleg på 1800-talet av Georges Cuvier. I 1983 omdefinerte Thomas Cavalier-Smith Radiata som eit underrike danna av Myxozoa, Placozoa, Cnidaria og Ctenophora. Lynn Margulis og K.V. Schwartz tok seinare Radiata inn i sin taksonoomi med fem rike, denne gongen med med berre Cnidaria og Ctenophora.