Lindeslørsopp (Cortinarius tiliae) er ein truga soppart frå Noreg. Han høyrer til slekta slørsoppar (Cortinarius). Soppen er endemisk til oslofjordområdet,[2][3] det vil seia at han berre finst der. Soppen er rekna som sterkt truga i Noreg.[1]
Soppen veks typisk i kalklindeskog, som er ein verna habitattype i Noreg. Han dannar ein sopprotsymbiose med lind.[1]
Ein reknar med at dagens førekomst er ein rest (relikt) etter eit større utbreiingsområde frå varmetida kjend som subboreal tid, då det vaks mykje meir lind i Skandinavia.[4] Ein kjenner til 8 stader der arten veks, og reknar med at det finst rundt 500 individ av denne soppen.[1]
Lindeslørsopp (Cortinarius tiliae) er ein truga soppart frå Noreg. Han høyrer til slekta slørsoppar (Cortinarius). Soppen er endemisk til oslofjordområdet, det vil seia at han berre finst der. Soppen er rekna som sterkt truga i Noreg.
Soppen veks typisk i kalklindeskog, som er ein verna habitattype i Noreg. Han dannar ein sopprotsymbiose med lind.
Ein reknar med at dagens førekomst er ein rest (relikt) etter eit større utbreiingsområde frå varmetida kjend som subboreal tid, då det vaks mykje meir lind i Skandinavia. Ein kjenner til 8 stader der arten veks, og reknar med at det finst rundt 500 individ av denne soppen.