dcsimg

Langhalespottefugl ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Langhalespottefugl (Mimus longicaudatus) er ein er ein av dei typiske spottefuglane i den biologiske slekta Mimus. Arten lever langs stillehavskysten i Ecuador og Peru i Sør-Amerika.

Skildring

Denne spottefuglen er den største arten i slekta Mimus, opptil 29,5 centimeter og han veg i gjennomsnitt opp mot 70 gram. I hovudsak er fjørdrakta brungrå, fjørene er mørkare inn mot fjørskafta og drakta kan derfor ha et strekete preg. Dei har ei tydeleg lys augebrynstripe og ei lang mørk augestripe bak mot ein svart lapp, kinn og strupe er lyse òg er delt av ei markert mørk mustajestripe. Halen er særs lang og halefjørene, unntatt dei sentrale fjørene, har kvit tupp. Buken blir gradvis lysare mot undergumpen. Både beina og nebbet er mørke. Underartane varierer litt i storleik, M. l. albogriseus i sørvestre Ecuador er lysare og langt meir grå enn nominatforma.[1]

Songen er høg og langvarig utan spesielle karakteristikkar. I motsetnad til mange andre i denne familien er ikkje langhalespottefuglen kjent for å herme.[1]

Utbreiingsområdet er frå Manabíprovinsen i Ecuador sørover på ei stripe langs kysten til og med Ica-regionen og inn i Arequipa i Peru. Innover i Marañón-dalen i La Libertad-regionen hekkar han opptil 2450 moh. Dette er tørre område med kratt eller sparsam vegetasjon eller kystørken. Han kan treffast i oppdyrka jordbruksområde. Langhalespottefuglen er altetande og et frukt og bær og virvellause dyr, inkludert marine artar.[1]

Santa Elena-halvøya i Ecuador varar hekkesesongen frå desember til juli. Kvart kull er på 3 eller 4 egg, 3-4 egg, rugetida er nær 2 veker og ungane er i reiret i ytterlegare 2 veker.[1]

Korkje storleiken på populasjonen eller utviklingstrenden til langhalespottefuglen er estimert, men arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Cody, M. (2017) Long-tailed Mockingbird (Mimus longicaudatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 22. februar 2017
  2. BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus longicaudatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 22. februar 2017

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Langhalespottefugl
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Langhalespottefugl: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Langhalespottefugl (Mimus longicaudatus) er ein er ein av dei typiske spottefuglane i den biologiske slekta Mimus. Arten lever langs stillehavskysten i Ecuador og Peru i Sør-Amerika.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN