dcsimg
Image of European beech
Creatures » » Plants » » Dicotyledons » » Beech Family »

European Beech

Fagus sylvatica L.

Bøk ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Bøk eller bok er lauvtre frå slekta Fagus i bøkefamilien. Det finst ti artar i slekta, og av desse veks vanleg bøk (Fagus sylvatica) naturleg nokre få stader i Sør-Noreg. Elles vert fleire former av bøk brukt i parkar.

Skildring

Blada er lêraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.

Bøk kan danna vidstrekte skogar med tre på opptil 40 meter. Vanleg bøk kan bli 2–400 år gammal.

Bruk

Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne søkk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.

Namnet på treslaget er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.

Bøk i Noreg

Bøk er det treslaget som innvandra sist til Noreg, for om lag 2 000 år sidan. Bøk er svært skuggetolande, og vil i delar av Vestfold, Telemark og Agder danna klimakssamfunn om skogen får skjøtta seg sjølv. Sjølv om det er i desse områda ein finn dei viktigaste bøkebestandane i Noreg, veks verdas nordlegaste bøkeskog i Lindås i Nordhordland.

Bøk er fylkesblomster i Vestfold.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bøk

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Bøk: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Bøk eller bok er lauvtre frå slekta Fagus i bøkefamilien. Det finst ti artar i slekta, og av desse veks vanleg bøk (Fagus sylvatica) naturleg nokre få stader i Sør-Noreg. Elles vert fleire former av bøk brukt i parkar.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN