dcsimg

Cinclodes ( Norwegian )

provided by wikipedia NN


Kortnebbergkall, Cinclodes fuscus, Entre Rios, Argentina Foto: Lip Kee Yap
Kortnebbergkall, Cinclodes fuscus, Entre Rios, Argentina
Foto: Lip Kee Yap
Systematikk Rike: Animalia Rekkje: Chordata Klasse: Aves Orden: Passeriformes Familie: Furnariidae Slekt: Cinclodes Vitskapleg namn Cinclodes
Gray, GR, 1840

Cinclodes er ei biologisk slekt av sporvefuglar og medlem av omnfuglfamilien, Furnariidae. Alle artane i slekta har norske namn som deler fellesnemninga bergkall.

Dette er omtrent 15 artar distribuert over sørlege Sør-Amerika og i Andes. Dei er bakkelevande fuglar av opne habitat, vanlegvis funne i nærleiken av vatn, til dømes fjellbekker eller i fjæra der dei beitar på små virvellause dyr. Dei er tettvokste fuglar med sterke bein og føter og spisse, litt nedbøygde nebb. Fjørdrakta er lite synleg og hovudsakleg brun, ofte med eit bleikt vengspegl, stripe over auget og over halehjørna. Dei har høge, trillande læte og vil ofte slå ut vengene medan dei syng.

Stjertbergkall er nær tuga, mens regentbergkall og snøbergkall er kritisk truga. Dei to sistnemnde lever i store høgder med små leveområde, og bestanden for begge artane er trudd å vere redusert til berre ca. 50 - 250 kjønnsmodne individ.[1][2]

Artslista

Cinclodes i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Stjertbergkall, Cinclodes pabsti, Long-tailed Cinclodes, Sick, 1969, (NT)
  • Kortnebbergkall, Cinclodes fuscus, Buff-winged Cinclodes, Vieillot, 1818, (LC)
  • Sotbergkall, Cinclodes antarcticus, Blackish Cinclodes, Garnot, 1826, (NT)
  • Rusttippbergkall, Cinclodes comechingonus, Cordoba Cinclodes, Zotta & Gavio, 1944, (LC)
  • Rustvengbergkall, Cinclodes albidiventris, Chestnut-winged Cinclodes, Sclater, PL, 1860, (LC)
  • Skjelbrystbergkall, Cinclodes olrogi, Olrog's Cinclodes, Nores & Yzurieta, 1979, (LC)
  • Lysbukbergkall, Cinclodes albiventris, Cream-winged Cinclodes, Philippi & Landbeck, 1861, (LC)
  • Gråflankebergkall, Cinclodes oustaleti, Gray-flanked Cinclodes, Scott, 1900, (LC)
  • Grovnebbergkall, Cinclodes excelsior, Stout-billed Cinclodes, Sclater, PL, 1860, (LC)
  • Regentbergkall, Cinclodes aricomae, Royal Cinclodes, Carriker, 1932, (CR)[1]
  • Snøbergkall, Cinclodes palliatus, White-bellied Cinclodes, Tschudi, 1844, (CR)[2]
  • Kvitvengbergkall, Cinclodes atacamensis, White-winged Cinclodes, Philippi, 1857, (LC)
  • Stripebergkall, Cinclodes patagonicus, Dark-bellied Cinclodes, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Brottbergkall, Cinclodes taczanowskii, Surf Cinclodes, von Berlepsch & Stolzmann, 1892, (LC)
  • Fjærebergkall, Cinclodes nigrofumosus, Seaside Cinclodes, d'Orbigny & Lafresnaye, 1838, (LC)

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2014) Species factsheet: Cinclodes aricomae. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. oktober 2014
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2014) Species factsheet: Cinclodes palliatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. oktober 2014
  3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cinclodes
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Cinclodes: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Cinclodes er ei biologisk slekt av sporvefuglar og medlem av omnfuglfamilien, Furnariidae. Alle artane i slekta har norske namn som deler fellesnemninga bergkall.

Dette er omtrent 15 artar distribuert over sørlege Sør-Amerika og i Andes. Dei er bakkelevande fuglar av opne habitat, vanlegvis funne i nærleiken av vatn, til dømes fjellbekker eller i fjæra der dei beitar på små virvellause dyr. Dei er tettvokste fuglar med sterke bein og føter og spisse, litt nedbøygde nebb. Fjørdrakta er lite synleg og hovudsakleg brun, ofte med eit bleikt vengspegl, stripe over auget og over halehjørna. Dei har høge, trillande læte og vil ofte slå ut vengene medan dei syng.

Stjertbergkall er nær tuga, mens regentbergkall og snøbergkall er kritisk truga. Dei to sistnemnde lever i store høgder med små leveområde, og bestanden for begge artane er trudd å vere redusert til berre ca. 50 - 250 kjønnsmodne individ.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN