dcsimg

Pungdyr ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Pungdyr er ei stor gruppe pattedyr som er kjent for at ungane blir født på eit tidleg trinn i utviklinga og oppheld seg nær kroppen til mora til han blir meir utvikla.

 src=
Ungen til ein raudhalsa wallaby (Macropus rufogriseus) med hovud og ein fot utav pungen.

Skildring

Bortsett frå nokre få av dei, har alle pungdyra ein pung der ungane held seg under utviklingstida. Ein kan nesten seie at ungane blir født medan dei enno er på eit fosterstadium og deretter går gjennom siste delen av svangerskapet etterpå. Oftast blir dei nærmast sitjande fast på patten, som svulmar opp inne i munnen deira. Hos mange arter kan dei gå inn og ut av pungen òg etter at dei har kome lenger i utviklinga.

Hos pungdyra fungerer plommesekken som ei morkake. Plommesekken er sterkt utvida, og vil feste seg i livmorveggen. I staden for at fosteret festar seg djupt nede i slimhinnene i livmorveggen som hos placentale pattedyr, dannar livmora ein grunn fordjupning rundt fostret. Ein god del av næringa til fostret kjem i form av «livmormelk», ein substans som blir skilt ut av livmorveggen og blir teke opp av fostret. Noko næring passerer frå mora si blodårer til blodåren i plommesekken. Punggrevlingene har ein primitiv morkake av meir normal type, men òg desse føder ungane på eit særs tidleg tidspunkt i fosterutviklinga.[1] Omgrepet placentale pattedyr om alle andre dyr enn pungdyr og kloakkdyr er difor eigentleg misvisande, sidan det òg finst ei slags morkake hos pungdyra.[2]

 src=
Numbat (Myrmecobius fasciatus)

Artar

Pungdyra omfattar omkring 270 kjende arter, i omkring 18 familiar. Dei fleste nålevande pungdyr lever i Australia, men nokre finst òg på øyar i Stillehavet og i Sør-Amerika. Fossile pungdyr er kjent òg frå andre stader i verda, inkludert Europa.

Pungdyra er ei mangearta gruppe. Pungdyr er både små og store og har svært ulike fysiske trekk og mange ulike levemåtar. Dei kan vere både planteetarar, insektetarar og kjøttetarar. Det finst pungdyr som både klatrar, grev, glideflyr og rører seg snøgt på slettene. Gruppa omfattar fleire dyr som ber namn etter placentale pattedyr som dei liknar på. Det gjeld til dømes pungmoldvarpar og pungrotter. Gruppa omfattar òg dyr som synest å vere temmeleg ulike frå alle andre dyr, som kenguruar og vombatar.

Ordenar
 src=
Teikning av den utdøydde «pungløva», Thylacoleo.

Utdøydde pungdyr

Utdøydde pungdyr omfattar dyreformer som synest å ytterlegare vise kor mangearta dyregruppa er. Dei fleste var plante- og insektetarar, medan nokre var rovformer. Dei varierte mykje i storleik frå særs små former til nokre som var store som storfe. Nokre av dei utdøydde formene hadde store fortenner som liknar dei hoggtennene som sabeltanntigerane hadde.

Kjelder

Fotnotar

  1. Side om reproduksjon frå Centennial Museum, Univerity of Texas and El Paso
  2. Mammal Species of the World, 3rd edition (MSW3) Taksonomien til American Museum of Natural History er referanse for norsk systematikk

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pungdyr
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Pungdyr
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Pungdyr: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Pungdyr er ei stor gruppe pattedyr som er kjent for at ungane blir født på eit tidleg trinn i utviklinga og oppheld seg nær kroppen til mora til han blir meir utvikla.

 src= Ungen til ein raudhalsa wallaby (Macropus rufogriseus) med hovud og ein fot utav pungen.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN