Rugder er ei gruppe på sju svært like nolevande artar av vadefuglar i slekta Scolopax. Berre to rugder har vid utbreiing på den nordlege halvkula, dei andre er lokale øyendemiske artar i Søraust-Asia, nord og sør for ekvator. Dei næraste slektningane deira er sniper i slekta Gallinago.[1]
Rugder har tettvaksne kroppar, kryptiske brun og gråsvart fjørdrakt og lange slanke nebb. Auga deira er plassert på sidene av hovudet, noko som gjev dei synsfelt på 360 °.[2] Spesielt for rugder, og i motsetnad til dei fleste andre fuglar, er at spissen på overkjeven av nebbet er bøyeleg.[3]
Rugder er typiske skogsfuglar. Dei beitar om natta eller om kvelden etter virvellause dyr i mjuk mark med dei lange nebba sine. Denne vanen og den kamuflasjefarga fjørdrakta gjer det vanskeleg å oppdage dei når dei kviler på dagtid. Dei fleste har karakteristiske spelflukt kjent som rugdetrekk, vanlegvis gjeve ved daggry eller i skumringa.[4]
Alle rugder er populære jaktfuglar; øyendemiske artar er ofte ganske sjeldne allereie pga. høgt jaktpress. Rugdefjører er mykje verdsette som penselbustar av kunstnarar, som brukar dei til fint måleriarbeid.[5] Det er dekkfjører over hovudhandsvingfjøra på vengen som brukast.
Rugder i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
Rugder er ei gruppe på sju svært like nolevande artar av vadefuglar i slekta Scolopax. Berre to rugder har vid utbreiing på den nordlege halvkula, dei andre er lokale øyendemiske artar i Søraust-Asia, nord og sør for ekvator. Dei næraste slektningane deira er sniper i slekta Gallinago.
Rugder har tettvaksne kroppar, kryptiske brun og gråsvart fjørdrakt og lange slanke nebb. Auga deira er plassert på sidene av hovudet, noko som gjev dei synsfelt på 360 °. Spesielt for rugder, og i motsetnad til dei fleste andre fuglar, er at spissen på overkjeven av nebbet er bøyeleg.
Rugder er typiske skogsfuglar. Dei beitar om natta eller om kvelden etter virvellause dyr i mjuk mark med dei lange nebba sine. Denne vanen og den kamuflasjefarga fjørdrakta gjer det vanskeleg å oppdage dei når dei kviler på dagtid. Dei fleste har karakteristiske spelflukt kjent som rugdetrekk, vanlegvis gjeve ved daggry eller i skumringa.
Alle rugder er populære jaktfuglar; øyendemiske artar er ofte ganske sjeldne allereie pga. høgt jaktpress. Rugdefjører er mykje verdsette som penselbustar av kunstnarar, som brukar dei til fint måleriarbeid. Det er dekkfjører over hovudhandsvingfjøra på vengen som brukast.
Rugder (Scolopax) er en slekt av vadefugler. Artene har langt nebb og en kamuflert brun og svartlig fjærdrakt.
Rugder (Scolopax) er en slekt av vadefugler. Artene har langt nebb og en kamuflert brun og svartlig fjærdrakt.