Horornis er ei slekt med små insektetande songfuglar som utgjer kjernen i den nyleg anerkjente orientsongarfamilien. Dei var tidlegare plasserte i songarfamilien, Sylviidae, som på den tida var eit oppsamlingstakson for 'songarliknande' sporvefuglar. Artsutvalet innanfor denne slekta finst frå Søraust-Asia gjennom heile vestlege Stillehavet. Den sist skildra arten er odedisongar, Horornis haddeni, frå Bougainville, Salomonøyane, Papua Ny-Guinea i 2006.
Dette er fuglar som lever nær bakken i habitat med tett vegetasjon som småskog og takrøyr. Artane i slekta har sterk tendens til å skjule seg, og har mykje like fjørdrakter. Det gjer desse fuglane vanskelege å observere og å identifisere.
Fjørdraktene har rein brun eller gråbrun overside og lysare oransjebrun eller lyse gråtoner i undersida. Dei har berre utydelege markeringar bortsett frå augebrynstripa, supercilium. Samla sett har dei stor likskap med kjerrsongarartane i kjerrsongarfamilien som har fjørdrakter med diffuse eller utydelege mønstre.
Horornis vart nyleg skilt ut frå slekta Cettia. Horornis-songarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]