dcsimg

Gulirisk ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Gulirisk (Serinus serinus) er den minste og den europeiske arten i slekta Serinus i finkefamilien. Han er nært nærskyldt kanariirisk.

Skildring

Gulirisken er liten fink med relativt stort hovud og butt nebb, 11-12 centimeter i kroppslengd, og veg 8,5 til 14 gram. Fjørdrakta har mørke striper på grågrøn overside, og einsfarga lysgul overgump. Det gule brystet og kvite buken er òg sterkt streka. Hannar har eit lysare gult andlet og bryst, gule vengeband og gult på sidene av halsene. Hoer har svakare gulfarge. Kontaktlætet er ei summande lys og klår trille, songen ein intens straum av kvasse tonar.[1]

 src=
Omtrentleg geografisk utbreiing av arten gulirisk.[2] ██ Berre hekking ██ Lever her året rundt ██ Overvintring

Leveområdet er i Europa sør for Skandinavia og sør for Storbritannia, men inkludert Baltikum i nordaust, Nordvest-Afrika i sørvest, Anatolia og kystområda frå Egypt til Tyrkia i søraust. Sørlege og vestlege populasjonar er i stor grad standfuglar, nord og nordaust vil dei trekke sør om vinteren.[3] Gulirisk er ein sjeldan streiffugl i Noreg, med typisk færre enn fem godkjente observasjonar per år, dei fleste i Akershus og Vest-Agder.[4] Føretrekte hekkehabitat er ei blanding av opne område og skog av nåletre. Føda er hovudsakleg frø, med tillegg av planteskot, blomar og noko insekt.

Denne vesle fuglen verkar aktiv og rastlaus, er iaugefallande, men òg ein noko sky fugl. Utanom hekketida kan dei danne flokkar, deltar også i fleirartsflokkar saman med til dømes steinsporv og middelhavssporv.[3]

Populasjonen er estimert til mellom 45 og 75 millionar individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[5]

Kjelder

Referansar
  1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. Beaman/Madge, Handbuch der Vogelbestimmung. Ulmer 1998; side 770
  3. 3,0 3,1 Clement, P. (2018) European Serin (Serinus serinus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. august 2018
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 26. august 2018.
  5. BirdLife International (2018) Species factsheet: Serinus serinus. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. august 2018

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gulirisk
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Gulirisk: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Gulirisk (Serinus serinus) er den minste og den europeiske arten i slekta Serinus i finkefamilien. Han er nært nærskyldt kanariirisk.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Gulirisk ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO