dcsimg

Egretta ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Silkehegre, Egretta garzetta Foto: J.M.Garg
Silkehegre, Egretta garzetta
Foto: J.M.Garg
Systematikk Rike: Animalia Rekkje: Chordata Klasse: Aves Orden: Pelecaniformes Familie: Ardeidae Slekt: Egretta Vitskapleg namn Egretta

Egretta er ei biologisk slekt av fuglar og medlem av hegrefamilien, Ardeidae. Dette er mellomstore fuglar, dei fleste hekkar i varmare klimasoner. Medlemmer av denne slekta finst over nesten heile verda. Til dømes er silkehegren utbreidd i heile «den gamle verda», og spreier seg no i aukande grad frå Karibia til både Nord-Amerika og Sør-Amerika.[1]

Egretta-artar har lange halsar og lange bein. På grunn av sitt lange og spisse nebb har hdei òg ei kroppsform rekna som typisk for hegrar. Fargene på fjørdrakta varierer. Nokre artar har ei rein kvit fjørdrakt, slik som silkehegren. Men kvithalshegren har berre kvitt på bryst og hals, resten av fjørdrakta er i gråskiferfarge. Dansehegren har to morfar, ein fargevariant har raudbrunt hovud og nakke, medan resten av drakta er skifergrå. Men ho har òg ein rein kvit morf. Heile fjørdrakta til skuggehegre er i mørk, gråskiferfarge.

Egretta-artar hekkar vanlegvis i koloniar, ofte med andre artar. Reiret blir bygd i tre eller buskar. Dei lever av insekt, fisk og amfibium. Dei fleste artane i slekta står urørlege i vatnet inntil eit byttedyr kjem i nærleiken. Dei kan òg vasse sakte gjennom vatnet. Skuggehegren har utvikla ein spesiell jaktteknikk med å spreie vengene sine som ein paraply over hovudet når han søkjer etter mat.

Artslista

 src=
Mørk morf av dansehegre
Foto: James C. Leupold, U.S. Fish and Wildlife Service

Egretta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Kjelder

  • James A. Kushlan & James A. Hancock: Herons. Oxford University Press, 2005, ISBN 0-19-854981-4

Referansar

  1. Kushlan et al., s. 192-193
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Egretta
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Egretta: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Egretta er ei biologisk slekt av fuglar og medlem av hegrefamilien, Ardeidae. Dette er mellomstore fuglar, dei fleste hekkar i varmare klimasoner. Medlemmer av denne slekta finst over nesten heile verda. Til dømes er silkehegren utbreidd i heile «den gamle verda», og spreier seg no i aukande grad frå Karibia til både Nord-Amerika og Sør-Amerika.

Egretta-artar har lange halsar og lange bein. På grunn av sitt lange og spisse nebb har hdei òg ei kroppsform rekna som typisk for hegrar. Fargene på fjørdrakta varierer. Nokre artar har ei rein kvit fjørdrakt, slik som silkehegren. Men kvithalshegren har berre kvitt på bryst og hals, resten av fjørdrakta er i gråskiferfarge. Dansehegren har to morfar, ein fargevariant har raudbrunt hovud og nakke, medan resten av drakta er skifergrå. Men ho har òg ein rein kvit morf. Heile fjørdrakta til skuggehegre er i mørk, gråskiferfarge.

Egretta-artar hekkar vanlegvis i koloniar, ofte med andre artar. Reiret blir bygd i tre eller buskar. Dei lever av insekt, fisk og amfibium. Dei fleste artane i slekta står urørlege i vatnet inntil eit byttedyr kjem i nærleiken. Dei kan òg vasse sakte gjennom vatnet. Skuggehegren har utvikla ein spesiell jaktteknikk med å spreie vengene sine som ein paraply over hovudet når han søkjer etter mat.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Egretta ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Egretta (egretter) er ei slekt i hegrefamilien (Ardeidae) og består av 12 arter (hvorav fem er monotypiske) med mellomstore til store pelikanfugler (Pelecaniformes).

Inndeling

Inndelingen under følger HBW Alive og er i henhold til Martínez-Vilalta & Motis (2018).[1] Norske navn på artene følger Norsk navnekomité for fugl og er i henhold til Syvertsen et al. (2008, 2017).[2][3] Navn og beskrivelser i parentes er ikke offisielle, men kun foreløpige beskrivelser.

Treliste
Noter
  • A. brachyrhyncha og A. plumifera ble tidligere regnet som underarter av A. intermedia (duskhegre), men disse er nå skilt ut som selvstendige arter. De er imidlertid ikke navngitt på norsk enda.
  • Kritthegre og hvithalshegre ble tidligere av og til regnet til Ardea, men disse er nå plassert i Egretta

Referanser

  1. ^ Martínez-Vilalta, A. & Motis, A. (2018). Herons (Ardeidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from https://www.hbw.com/node/52203 on 6 June 2018).
  2. ^ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening. www.birdlife.no (publisert 22.5.2008). Besøkt 2016-08-07
  3. ^ Syvertsen, P.O., M. Bergan, O.B. Hansen, H. Kvam, V. Ree og Ø. Syvertsen 2017: Ny verdensliste med norske fuglenavn. Norsk Ornitologisk Forenings hjemmesider: http://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/om.php

Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO