dcsimg

Fiskeørn ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Fiskeørn (Pandion haliaetus) er den einaste medlemmen i familien fiskeørnar (Pandionidae). Ho er ein mellomstor rovfugl som lever nesten berre av fisk som ho tek i vassoverflata. Fiskeørna finst på alle kontinentajorda unnateke Antarktis. I Sør-Amerika lever ho som trekkfugl som ikkje hekkar.

Utsjånaden gjer at fuglen er lett å identifisere. Ørna har ljos (nesten kvit) underside med tydeleg markerte mørke «knokar» ved framkanten til vengene, svart nakke og overside av vengene.

Fiskeørna er veltilpassa levesettet sitt, med yttertær som vender bakover, nasebor som kan stengjast, og kvasse klør som hjelper ho til å halde fast fanga bytte. Når byttet er fanga, blir det alltid halde med hovudet framåt, så luftmotstanden skal vera minst mogleg.

Skildring

 src=
Fiskeørn med fisk.
Foto: Michael L. Baird
 src=
I flukt, over Lake Wylie I Sør-Carolina.
Foto: Gareth Rasberry

Fiskeørna veg mellom 0,9 og 2,1 kg, har kroppslengd på 50-66 cm og eit vengespenn på 127-180 cm. Underartane er nokså likeins i storleik. Oversida er gråbrun, medan brystet er kvitt og nokon gonger smykka med brunt, undersida er rein kvit, undersida av vengene har svarte teikningar og halen har fine tverrband. Hovudet er kvitt med ei mørk maske over auga, maska når ned til sidene av halsen.[1] Auga har gyllen til brun iris, og den gjennomsiktige blinkhinna er bleik blå. Nebbet er svart, med ein blå ceres, og føtene er kvite med svarte klør.[2] Den relativt korte halen, lange, smale venger med fire lange, fingerliknande fjører, og ei kortare femte, gjev fiskeørna ein veldig karakteristisk utsjånad.[3] I flukt har fiskeørna bende og litt hengjande venger.

Kjønna ser like ut, men vaksne hannar kan skiljast frå hoa ved at han har slankare kropp og smalare venger enn hoa. Brystbandet på hannar er òg svakare enn hos hofuglar, eller er fråverande, og dekkfjører på undervengen hos hannar er jamt bleikare. Det er enkelt å avgjere kjønn på eit ynglande par, men vanskelegare med individuelle fuglar.[3]

Ein kan kjenne juvenile fiskeørner på brungule fjørfrynsar på oversida, ein brungul tone på undersida, og stripa fjør på hovudet. Seinare på året, når fjører på oversida har fått slitasje, vil tverrstriping på undervengene og vengfjørene vere beste indikator for ein ung fugl.[1]

Varsellætet
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp.

Lætet, lokkelyd, er ein serie av skarpe fløytetonar, skildra som «pjypp, pjypp, pjypp»; varsellætet er eit skarpare «kju, kju, kju,». Ved kurtise i flukt eit klagande, pipande «y-ilp y-ilp y-ilp»![4]

Distribusjon og habitat

Fiskeørna er den nest mest utbreidde rovfuglarten globalt, etter vandrefalk. Ho har verdsomspennande distribusjon og finst i tempererte og tropiske regionar på alle kontinent unntatt Antarktis. I Nord-Amerika hekkar ho frå Alaska og Newfoundland sør til gulfkysten og Florida, ho overvintrar lenger sør, i området frå det sørlege USA ned til Argentina.[5] Ho lever sommarstid i heile Europa nord til Storbritannia, Irland, Skandinavia, Finland, men ikkje på Island. I Australia er ho hovudsakleg standfugl og finst stadvis rundt kysten, og ho er berre vitjande til austlege Victoria og i Tasmania utan å hekke der.[6] Ho finst òg på Bismarckarkipelet, Salomonøyane og Ny-Caledonia, fossil er funne på Tonga, der ho sannsynlegvis vart utrydda av menneske.[7] I alle delar av Sør-Asia er ho ganske vanleg vintervitjar,[8] likeins i Søraust-Asia frå Myanmar gjennom Indokina og sørlege Kina, Indonesia, Malaysia og Filippinane.[9]

Trekk

Europeiske hekkefuglar overvintrar i regelen i Afrika.[10] Europeiske fuglar kan òg overvintre i Sør-Asia, ei fiskeørn ringmerkt i Noreg vart funnen att i vestlege India.[11] Nordamerikanske hekkefuglar trekker til Sør-Amerika, sjølv om nokre oppheld seg i dei sørlegaste statar av USA som Florida og California.[12] Nokre fiskeørnar frå Florida migrerer til Sør-Amerika.[13] Vanlegvis migrerer ikkje fiskeørnene som hekkar i Australasia.

Åtferd og økologi

 src=
Førebur seg på å pare seg på reiret
Foto: Matt edmonds

Fisk gjer ut for 99 % av dietten for fiskeørner.[14] Synet er godt tilpassa til å oppdage byttet under vatn frå lufta, fiskeørna kan få auge på fisken frå ei høgd på 10-40 meter over vassflata, så svevflyge ei kort stund før ho stuper og grip byttet med føtene først ned i vatnet.[15] Fiskeørna er spesielt godt tilpassa denne fangstmetoden, med vendbare ytre tær, naseborer som kan lukkast for å halde vatnet ute under dukk, og bakovervende skjel på klørne fungerer som mothakar for å hjelpe halde fangsten fast.

Nokre gonger kan fiskeørna fangste på gnagarar, amfibium og fuglar,[16] og på små krypdyr.[17]

Fiskeørna hekkar nær innsjøar og elver, og nokon gonger ved brakkvatn. Reiret er ein stor haug som kan vere bygd av kvistar, drivved og tang i forgreiningar på tre, på knausar, telefonstolpar, på holmar eller kunstige plattformar i vatn.[14][18] Vanlegvis blir fiskeørna kjønnsmoden og byrjar å hekke rundt ein alder av tre til fire år. Viss det ikkje er eigna hekkeplassar tilgjengelege, kan unge fiskeørner tvingast til å utsetje hekkinga.

Fiskeørna dannar vanlegvis par for livet. Hekkesesongen varierer med breiddegraden. Dei nyklekte ungane veg berre 50-60 gram, men blir flygedyktige etter 8-10 veker. Den typiske levetida er 7-10 år, men einskildindivid kan leve i 20-25 år. Den eldste europeiske ville fiskeørna ein kjenner til levde i over tretti år.

Status og vern

 src=
Ein juvenil på ein kunstig reirplass
Foto: Flickr-brukar stevehdc

På slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet var dei viktigaste truslane mot fiskeørnpopulasjonar eggsamlarar og jegerar, samt andre rovfuglar,[17][19][20] men bestanden fall drastisk i mange område på 1950- og 1960-talet. Dels syntest det vere grunna dei toksiske effektane av insektmiddel som DDT.[21] Plantevernmiddel forstyrra kalsiumetmetabolismen, det resulterte i tynt eggskal, og dermed lett øydelagde eller ubefrukta egg.[5] Moglegvis på grunn av forbod mot DDT i mange land frå tidleg på 1970-talet, saman med redusert jakt, har både fiskeørn og andre påverka rovfuglartar hatt monaleg oppgang i bestandar.[14]

Underartar

Underartar etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [22]

Bilete

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 «Osprey» (PDF). Connecticut Department of Environmental Protection. 1999. Henta 30. september 2007.
  2. Terres, J. K. (1980). The Audubon Society Encyclopedia of North American Birds. New York, NY: Knopf. s. 644–646. ISBN 0-394-46651-9.
  3. 3,0 3,1 Forsman, Dick (2008). The Raptors of Europe & the Middle East A Handbook of Field Identification. Princeton University Press. s. 21–25. ISBN 0-85661-098-4.
  4. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  5. 5,0 5,1 Bull J, Farrand, J Jr (1987). Audubon Society Field Guide to North American Birds:Eastern Region. New York: Alfred A. Knopf. s. 469. ISBN 0-394-41405-5. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  6. Simpson K, Day N, Trusler P (1993). Field Guide to the Birds of Australia. Ringwood, Victoria: Viking O'Neil. s. 66. ISBN 0-670-90478-3. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  7. Steadman D (2006). Extinction and Biogeography in Tropical Pacific Birds, University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-77142-7
  8. Rasmussen, P. C. and Anderton, J. C. (2005). Birds of South Asia. The Ripley Guide. Vols 1 & 2. Smithsonian Institution and Lynx Edicions. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  9. Strange M (2000). A Photographic Guide to the Birds of Southeast Asia including the Philippines and Borneo. Singapore: Periplus. s. 70. ISBN 962-593-403-0.
  10. Mullarney, Killian; Svensson, Lars, Zetterstrom, Dan; Grant, Peter. (2001). Birds of Europe. Princeton University Press. pp. 74–5 ISBN 0-691-05054-6
  11. Mundkur,Taej (1988). «Recovery of a Norwegian ringed Osprey in Gujarat, India». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 85 (1): 190.
  12. «Migration Strategies and Wintering Areas of North American ospreys as Revealed by Satellite Telemetry» (PDF). Newsletter Winter 2000. Microwave Telemetry Inc. Henta 2 December 2008.
  13. Martell, M.S.; Mcmillian, M.A.; Solensky, M.J.; Mealey, B.K. (2004). «Partial migration and wintering use of florida by ospreys» (PDF). Journal of Raptor Research 38 (1): 55–61. mirror
  14. 14,0 14,1 14,2 Evans DL (1982). «Status Reports on Twelve Raptors:Special Scientific Report Wildl. No. 238». U.S. Dept. Interior, Fish and Wildl. Serv.
  15. Poole, A. F., R. O. Bierregaard, and M. S. Martell. (2002). Osprey (Pandion haliaetus). In The Birds of North America, No. 683 (A. Poole and F. Gill, eds.). The Birds of North America, Inc., Philadelphia, PA.
  16. Goenka, DN (1985). «The Osprey (Pandion haliaetus haliaetus) preying on a Gull». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 82 (1): 193–194.
  17. 17,0 17,1 Kirschbaum, K.; Watkins P. «Pandion haliaetus». University of Michigan Museum of Zoology. Henta 3 January 2008.
  18. Beruldsen, G (2003). Australian Birds: Their Nests and Eggs. Kenmore Hills, Qld: self. s. 196. ISBN 0-646-42798-9.
  19. Cocker, Mark; Mabey, Richard (2005). Birds Britannica. London: Chatto & Windus. s. 136–141. ISBN 0-7011-6907-9.
  20. Cooper, JC (1992). Symbolic and Mythological Animals. London: Aquarian Press. s. 170. ISBN 1-85538-118-4.
  21. Ames, P (1966). «DDT Residues in the eggs of the Osprey in the North-eastern United States and their relation to nesting success». J. Appl. Ecol. (British Ecological Society) 3 ((Suppl.)): 87–97. JSTOR 2401447. doi:10.2307/2401447.
  22. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 8. september 2014

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fiskeørn
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Fiskeørn: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Fiskeørn (Pandion haliaetus) er den einaste medlemmen i familien fiskeørnar (Pandionidae). Ho er ein mellomstor rovfugl som lever nesten berre av fisk som ho tek i vassoverflata. Fiskeørna finst på alle kontinentajorda unnateke Antarktis. I Sør-Amerika lever ho som trekkfugl som ikkje hekkar.

Utsjånaden gjer at fuglen er lett å identifisere. Ørna har ljos (nesten kvit) underside med tydeleg markerte mørke «knokar» ved framkanten til vengene, svart nakke og overside av vengene.

Fiskeørna er veltilpassa levesettet sitt, med yttertær som vender bakover, nasebor som kan stengjast, og kvasse klør som hjelper ho til å halde fast fanga bytte. Når byttet er fanga, blir det alltid halde med hovudet framåt, så luftmotstanden skal vera minst mogleg.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Fiskeørn ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Fiskeørn (Pandion haliaetus) er eneste art i fiskeørnfamilien (Pandionidae). Den er også kjent som fiskejo og fiskefalk. Det er en stor haukefugl og trekkfugl. Arten ble totalfredet i Norge i 1962.

Taksonomi

 src=
Østlig fiskeørn (P. h. cristatus)

Fiskeørn tilhører slekten Pandion og blir av og til inkludert i haukefamilien (Accipitridae), men da i den selvstendige underfamilien Pandioninae. I dag hersker det imidlertid stor enighet om at denne fuglen er så fjernt beslektet med andre haukefugler at den plasseres i sin egen familie – Pandionidae. Både familien og slekten regnes i øyeblikket som monotypiske, men østlig fiskeørn (P. h. cristatus) har (med bakgrunn i genetikk[2]) blitt foreslått som en selvstendig art.[3] Det trengs imidlertid mer forskning før dette kan avklares.[4]

Beskrivelse

Fiskeørnen blir omkring 55–58 cm lang.[4] Hannen veier cirka 990–1 800 g, mens hunnen er større og veier cirka 1 200–2 050 g.[4] Vingespennet måler cirka 127–174 cm, avhengig av kjønn.[4] Den fysisk største av underartene er ssp.carolinensis, mens ssp. cristatus regnes som den minste (fordi den har kortere vinger enn ssp. ridgwayi).[4]

Fjærdrakten er hvit og brun. Hodet, framhalsen, brystet og buken er i hovedsak hvit, mens oversiden ellers i hovedsak er brun. På overbrystet har arten små brune spetter, som kommer mest til uttrykk hos hunner. Vingene er brune på oversiden og hvite med brune spetter på undersiden. Det hvite hodet har et relativt begrenset og kort nebb som er gråsort i fargen. Øyne har gul iris og ei karakteristisk mørk brun stripe som renner fra bakkant av nebbet og gjennom øynene og videre bakover og ned i nakken. Denne stripen varierer i intensitet mellom underartene og er mest framtredende hos nominatformen – ssp. haliaetus, som er brun i nakken. De andre underartene er mer hvite i nakken, ispedd brune spetter, og har ei mindre framtredende stripe. Også de undere ekstremitetene er hvite, men klørne på tærne er sorte. Vingene har mørke flekker under vingeknoklene.[4]

Inndeling

Inndelingen av fiskeørn følger HBW Alive og er i henhold til Poole, Kirwan, Christie & Marks (2019).[4]

Treliste

Utbredelse

 src=
Vestlig fiskeørn (P. h. haliaetus)

Fiskeørnen hekker i alle verdensdeler, bortsett fra Antarktis og Sør-Amerika. Det er fire anerkjente underarter. Stamformen (P. h. haliaetus) hekker i deler av Europa og Sibir. P. h. carolinensis hekker i Nord-Amerika og deler av Karibia. P. h. cristatus hekker i kyststrøk i Australia og det sørlige Asia. P. h. ridgwayi hekker i Karibien, fra Cuba og Bahamas til det sørøstre Mexico og Belize.[5]

I Norge hekker den først og fremst Østafjells, og i Finnmark. Over halvparten av den europeiske bestanden hekker i Sverige (cirka 2000 par) og Finland (cirka 1000 par).[6]

I 1930- og 1940-årene var den norske bestanden nesten borte. Den ble totalfredet i 1962 og i 1990 ble bestanden anslått til cirka 150–200 hekkende par i Norge.[7] Norske fugler trekker til middelhavsområdet og tropisk Vest-Afrika.

Arten er oppført som nær truet (NT) i Norsk rødliste for arter 2015. Isolert sett er arten sårbar (VU) i Norge, men trusselen ble justert ned, fordi det går bra med den i nabolandene – og man anser at den vil kunne innvandre derfra om den skulle bli borte i Norge.[8]

Atferd

Arten regnes mer eller mindre som en standfugl på lave breddegrader, men på høye trekker den mot lavere breddegrader omkring ekvator om vinteren.[4]

Fiskeørna lever nesten utelukkende av fisk som den fanger på grunt vann, vesentlig karpefisker, gjedde og abbor med en vekt på 150–300 g[4] (opptil 2 kg er kjent[9]). Arten jakter mer på 10–30 meters høyde (5–75 m i sin helhet) og fanger fisk med klørne, etter et kort stup.[9] Den stiller seg av og til på flaksende vinger mens den speider etter fisk.

Forplantning

Fiskeørnen bygger vanligvis kvistreir helt i toppen av en stor, glattstammet furu. Hunnen legger 2–4 hvite egg med rødbrune flekker. Rugetiden er 35–38 døgn. Ungene er flygedyktige etter 8–10 uker, i Sør-Norge rundt 25. juli, i Finnmark omkring 15. august. Den hekker helt nær vann.

Referanser

  1. ^ «Artsdatabankens artsopplysninger». Artsdatabanken. 18. november 2015. Besøkt 27. januar 2019.
  2. ^ Wink, M., Sauer-Gürth, H. & Witt, H.H. (2004) Phylogenetic differentiation of the Osprey Pandion haliaetus inferred from the nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene. Pp. 511–516 in: Chancellor, R.D. & Meyburg, B.U. eds. (2004). Raptors Worldwide. Proceedings of the VI World Conference on Birds of Prey and Owls, Budapest, Hungary, 18–23 May 2003. WWGBP & MME/BirdLife Hungary, Berlin & Budapest.
  3. ^ Christidis, L. & Boles, W.E. (2008) Systematics and Taxonomy of Australian Birds. CSIRO Publishing, Melbourne. ISBN 9780643065116
  4. ^ a b c d e f g h i Poole, A.F., Kirwan, G.M., Christie, D.A. & Marks, J.S. (2019). Osprey (Pandion haliaetus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from https://www.hbw.com/node/52947 on 28 January 2019).
  5. ^ Poole, A.F., Bierregaard, R.O. and Martell, M.S. (2002) Osprey (Pandion haliaetus), The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca.
  6. ^ Kroglund, R.T., Spidsø, T.K., Nicolaisen, P.I. og Hafstad, I. 2011. Bestandsutvikling for fiskeørn (Pandion haliaetus) i Nord-Trøndelag fra 2005 til 2010. HiNT-utredning XX: 1- 26.
  7. ^ Nordbakke, R. 1991. Fiskeørnen. – I Hogstad, O. (red). Norges dyr. Fuglene 1. Cappelens Forlag, Oslo. S. 238-244.
  8. ^ Henriksen S og Hilmo O (2015) Nedgradering av rødlistekategori. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken www.artsdatabanken.no/Rodliste/Nedgradering Besøksdato 26. januar 2019
  9. ^ a b Ferguson-Lees, J., & Christie, D. A. (2001). Raptors of the World, London: Christopher Helm. ISBN 0-7136-8026, 1, 67-68.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Fiskeørn: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Fiskeørn (Pandion haliaetus) er eneste art i fiskeørnfamilien (Pandionidae). Den er også kjent som fiskejo og fiskefalk. Det er en stor haukefugl og trekkfugl. Arten ble totalfredet i Norge i 1962.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO