Alvekvalfugl, Pachyptila turtur, er ein kvalfugl i stormfuglfamilien som lever ved kystar og til havs, sirkumpolart på den sørlege halvkula.
Alvekvalfuglar har blågrå overside med ei mørk 'M'-forma figur over venger og rygg, som er typisk for kvalfuglar. Dei har eit breitt, mørkt haleband, noko dei berre deler med den litt større arten tjukknebbkvalfugl. Dette er den minste kvalfuglen, ca. 25 cm i kroppslengd og 125 gram i masse.[1]
Dei plukkar det meste av føda frå havoverflata, først og fremst kril, men òg småfisk, planktoniske krepsdyr og virvellause dyr.[1]
Hekkekoloniane ligg på isolerte øyar ved New Zealand, Australia, Falklandsøyane, Sør-Georgia og på Crozetøyane.[2] På New Zealand hekkar dei i løpet av den australske våren og sommaren, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 3 månader.
Verdspopulasjonen var estimert til 5 millionar i 2004,[2] av det rundt ein million i området ved New Zealand, og det er ingen informasjon utvikling av bestanden.
Alvekvalfugl, Pachyptila turtur, er ein kvalfugl i stormfuglfamilien som lever ved kystar og til havs, sirkumpolart på den sørlege halvkula.
Alvekvalfuglar har blågrå overside med ei mørk 'M'-forma figur over venger og rygg, som er typisk for kvalfuglar. Dei har eit breitt, mørkt haleband, noko dei berre deler med den litt større arten tjukknebbkvalfugl. Dette er den minste kvalfuglen, ca. 25 cm i kroppslengd og 125 gram i masse.
Dei plukkar det meste av føda frå havoverflata, først og fremst kril, men òg småfisk, planktoniske krepsdyr og virvellause dyr.
Hekkekoloniane ligg på isolerte øyar ved New Zealand, Australia, Falklandsøyane, Sør-Georgia og på Crozetøyane. På New Zealand hekkar dei i løpet av den australske våren og sommaren, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 3 månader.
Verdspopulasjonen var estimert til 5 millionar i 2004, av det rundt ein million i området ved New Zealand, og det er ingen informasjon utvikling av bestanden.