dcsimg
Image of <i>Sylvia conspicillata orbitalis</i> (Wahlberg 1854)
Unresolved name

Spectacled Warbler

Sylvia conspicillata

Maskesongar ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Maskesongar (Sylvia conspicillata) er ein fugl i songarfamilien og medlem av slekta Sylvia, som òg vert kalla «typiske songarar». Det artsspesifikke namneleddet conspicillata er frå latin conspicillum, ein stad å sjå frå, tilsvarer «å ha på seg briller».[1] Arten har hovudsakleg utbreiing i Nordvest-Afrika, Sørvest-Europa, nærliggande øyar i Atlanteren og Middelhavet, dessutan ved austre Middelhavet inkludert Kypros.

Skildring

Dette er ein liten «songar», han har ei kropsslengd på ca. 13 centimeter og veg i området 7,8 til 13,1 gram[2] og er ein mellomting mellom tornsongar og atlassongar i fjørdrakt. Maskesongarar har brun overside og brungul underside, med kastanjefarga vengeflekker og ein kvit strupe. Vaksne hannar har grått hovud og kvit augering som gjev arten namnet. Umodne fuglar liknar både tornsongar og raudstrupesongar, og identifikasjon er vanskeleg ute i feltet. Songen er ei snøgg, høg trille.

Maskesongarar hekkar i nordvestlige Afrika, sørvestre Europa frå Iberia til Italia, på dei store øyane i vestlege Middelhavet, og vidare på Kypros og kystnære område i Midt-Austen. Underarten S. c. orbitalis lever på Kapp Verde, Kanariøyane og Madeira. Den nordlegaste delen av populasjonen trekker til Nord-Afrika inkludert Egypt. Denne fuglen er ein sjeldan streiffugl til Nord- og Vest-Europa.

Desse små sporvefuglane lever i tørt, ope landskap med buskar. I likskap med slektningane sine, er maskesongar ein insektetar.

Storleiken på populasjonen er estimert til ca. 332 000-900 000 individ. Arten er klassifisert som livskraftig.[3]

Kjelder

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 117, 376. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. Aymí, R. & Gargallo, G. (2016) Spectacled Warbler (Sylvia conspicillata) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. desember 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Sylvia conspicillata. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. desember 2016

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maskesongar
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Maskesongar: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Maskesongar (Sylvia conspicillata) er ein fugl i songarfamilien og medlem av slekta Sylvia, som òg vert kalla «typiske songarar». Det artsspesifikke namneleddet conspicillata er frå latin conspicillum, ein stad å sjå frå, tilsvarer «å ha på seg briller». Arten har hovudsakleg utbreiing i Nordvest-Afrika, Sørvest-Europa, nærliggande øyar i Atlanteren og Middelhavet, dessutan ved austre Middelhavet inkludert Kypros.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN