dcsimg

Fynbossolfugl ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Fynbossolfugl (Anthobaphes violacea) er den einaste medlemmen av fugleslekta Anthobaphes.[1] Denne solfuglen er endemisk til fynboshabitatet i sørlege Sør-Afrika.

Skildring

 src=
Hannfugl beitar på ein blome i slekta Kniphofia i aspargesordenen
Foto: Alan Manson

Som med andre solfuglar syner fynbossolfuglar sterk kjønnsdimorfisme. Hannar har lengre nebb, mykje lengre hale enn hoer, og har sterkt iriserande og fargerik fjørdrakt. Hannar har grønt hovud, nakke, strupe og øvre bryst. Eit fiolett brystband skil den raudoransje til gule undersida frå det grøne brystet, oversida er jamt over gulbrun. Hoene manglar iriserande parti, har mørk gulgrøn overside med olivengrønt på hovudet og noko lysare underside. Begge kjønn har svarte føter og nebb. Auga er mørk brune. Juvenilen liknar hofuglar. Kroppslengda varierer mellom 14,5-16,5 centimeter for hannar, medan hoene kan nå opp til 13,5 cm. Kroppsvekta er marginalt ulik, høvesvis rundt 10 og rundt 9 gram.[2]

På grunn av den avgrensa utbreiinga for arten innanfor fynbosbiomet i Western Cape i Sør-Afrika, er denne solfuglen forbunde med blomar i klokkelyngslekta og slekta Protea. Hekketida er synkronisert med bloming av desse plantane, vanlegvis i mai. Hannar forsvarar territoriet sitt aggressivt, åtakar og jagar inntrengarar.

Denne tillitsfulle arten er ein vanleg hekkefugl over det avgrensa området sitt. Han gjer vertikale trekk, og flyttar seg til høgare nivå under den sørlege sommaren på jakt etter blomar. Dei er selskapelege når dei ikkje hekkar, og kan danne flokkar på opptil 100 fuglar. I tillegg til blomenektar, vil dei òg ta små insekt og edderkoppar, ofte i flukt, men òg på bakken.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande, men vanleg i utbreiingsområdet. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3] Trugsmål er påverknad frå urbanisering og innførte planteartar.[2]

Kjelder

Notar
Referansar
  1. Somme autoritetar har plassert fynbossolfugl i slekta Nectarinia, sjå t.d. innføring hos ITIS Henta 29. april 2018
  2. 2,0 2,1 2,2 Cheke, R. & Mann Orange-breasted Sunbird (Anthobaphes violacea) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 29. april 2018
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Anthobaphes violacea. Henta frå http://www.birdlife.org den 29. april 2018

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fynbossolfugl
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Fynbossolfugl: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Fynbossolfugl (Anthobaphes violacea) er den einaste medlemmen av fugleslekta Anthobaphes. Denne solfuglen er endemisk til fynboshabitatet i sørlege Sør-Afrika.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN