dcsimg
Image of Norwegian angelica
Creatures » » Plants » » Dicotyledons » » Umbellifers »

Norwegian Angelica

Angelica archangelica L.

Kvann ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kvann eller kvanne (Angelica archangelica) er ein plante i skjermplantefamilien. Kvann eller kvannestengel vert også kalla jol.[1]

Skildring

Strandkvanna (subsp. litoralis) vert opptil ein meter høg, fjellkvanna (subsp. archangelica) kan verte mannshøg. Stengelen er hol og snau, med grovt sagtakka småblad. Kvanna blomtrar i juli med stor blomsterstand med talrike blomstrar med grønkvite kronblad. Heile planten har sterk lukt. Han skil seg frå sløkje (A. sylvesteris) ved at sistnemnde har finare sagtakking på blada, mindre lukt og ei djup renne i bladskaftet. Vidare er toppen av blomsterstanden på kvanna kulerund; blomsterstanden til sløkja er meir flattrykt.

Kvann veks på fuktig mold og ved bekkar i fjellet, i Noreg opp til 1600 moh, frå Setesdalen til Finnmark. I Sverige veks ho frå Dalarna til Torne Lappmark.

 src=
Bladrosett på ung kvannplante

Dei første åra etter frøspiringa utviklar planten ein bladrosett; rotstokken står loddrett, men strekkjer seg ikkje, slik at blada vert nede ved marka. Blada kan verte store, halvmeteren eller meir. Det er i denne tilstanden planten har dialektnamnet kvann. Når rotstokken etter nokre år har samla tilstrekkeleg med næring, skyt han ein vår i veret, blomstrar og dannar frukt. Dette året dannar han berre småblad, elles lever han på oppsamla næring. Etter frøsetjinga døyr planten. I denne blomstrande tilstanden vert han i dialektane kalla jol, sløyk eller sløkje. Desse dialektnamna kan gje grunnlag for forveksling med A. sylvesteris.

Bruk av planten

Fjellkvann har vore bruka som grønsaksplante. Dei friske bladstilkane har vorte etne rå eller kokte. På unge stenglar på plantar som set blomstrar, kan det innerste laget i dei hole stenglane, som er delikat lysgrønt og sprøtt, flekkjast av og etast. Etter blomstring vert stengelkjøtet beiskare.

Når ein kuttar av stengelen på ein ung kvannjol, drep ein planten. Hard hausting av kvannjol i eldre tider førte mange stader til kraftig desiminering av bestanden.

Kannrota har vorte tørka og malen opp for innblanding i mjøl. Blada har vore tørka for å brukast som erstatning for røykjetobakk.

Mange plantar i skjermplantefamilien er giftige; selsnepe er døydeleg giftig. Det kan vere vanskeleg å skilje artane frå kvarandre!

Kvann som kulturplante

Mange stader er kvann dyrka på gardane i eigne kvanngardar. Kvanna som vert dyrka, er ein kulturplante som skil seg frå viltvaksande kvann, ved at stilken er meir massiv, og kjøtet er søtare og ikkje så beiskt.

Namna kvann og jol er ikkje sikkert forklart; kanskje er dei ein arv frå eit førgermansk språk som har vore bruka i Noreg i forhistorisk tid. Bruken av planten er då truleg like gammal. Ordet kvann finst òg i eskimoisk, som eit av få norrøne ord Hans Egede fann i språket då han kom til Grønland.

Munkar tok kvannplanten med seg frå Noreg til kloster sør i Europa. Kvannen skal vere den einaste kulturplanten som har gått den vegen. Namnet archangelica skal han ha fått fordi dei sa det var sjølvaste erkeengelen som hadde lært menneska å nytte kvanna.

Kvann har gjeve namn til mange stader i Noreg.

Andre namn

Eit synonymt vitskapleg namn er Archangelica officinalis (Hoffm.).

Fjellkvanna, A. archangelica subsp. archangelica vert òg kalla subsp. norvegica (Rupr.).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvann
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kvann: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kvann eller kvanne (Angelica archangelica) er ein plante i skjermplantefamilien. Kvann eller kvannestengel vert også kalla jol.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kvann ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Kvann (Angelica archangelica) er en flerårig (sjeldnere toårig) plante som finnes i det meste av Norge i to ganske distinkte underarter: fjellkvann og strandkvann.[1] Tidligere var dette en plante som ble dyrket som grønnsak.

Utseende

Kvann er store, kraftige planter med hule stengler. Bladene er to ganger finna med breie småblad og oppblåste bladslirer. Bladstilkene er runde med utydelig renne på oversida (skiller kvann fra den nært beslekta sløke som har tydelig, dyp renne på oversida av bladstilkene). Blomsterstandene er kuleforma skjermer med gulgrønne (sløke har hvite) kronblad. Storsveipblad (se skjermplantefamilien) mangler eller faller av tidlig, småsveipblad er smale. De to underartene er ganske like, men fjellkvann har småsveipblader som er ca like lange som blomsterstilkene, mens disse er halvparten så lange som blomsterstilkene hos sløke. Den tidligere dyrka formen "gardskvann" eller "vossakvann" hadde kompakte bladstilker.

Utbredelse

Fjellkvann er vanlig i åstrakter og fjellstrøk i hele Norge og finnes mest i næringsrike, fuktige områder. I vest og nordover finnes den også i lavlandet. Strandkvann er vanlig langsmed kysten til Rogaland, men utbredelsen er dårlig kjent[1]. Fjellkvann finnes på begge sider av Nord-Atlanteren, mens strandkvann har utbredelse i Nordvest-Europa. Kulturformen (gardskvann, vossakvann) ble dyrka i egne grønnsakshager ("kvanngardar") på Vestlandet, men er nå svært sjelden.

På norsk kalles planten også jol, særlig den spiselige delen.[2]

Bruk

Planten har vært brukt som krydder og grønnsak, og som medisinplante (f.eks. mot diaré og hoste). Kvanngarder (kvannåkre) er nevnt i Gulatingsloven. Den er også nevnt i de norske kongesagaene. Planten inneholder vitamin c, og kan ha vært med på å forebygge skjørbuk hos befolkninger med lavt inntak av c-vitaminrik kost, som samene og inuittene på Grønland.[3]

Kvann er omtalt i Snorres saga om Olav Tryggvason der Olav byr dronning Tyra en kvannstilk for å blidgjøre henne.[2]

 src=
Olav Tryggvason tilbyr Tyra en kvannstilk. Erik Werenskiolds illustrasjon til Heimskringla (1899).

Underarter og varieteter

  • Fjellkvann, Angelica archangelica ssp. archangelica
  • Vossakvann, Angelica archangelica ssp. archangelica var. maiorum
  • Strandkvann, Angelica archangelica ssp. litoralis

Referanser

  1. ^ a b Lid, J. og D. T. Lid (2005). R. Elven, red. Norsk flora (7 utg.). Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-6029-8.
  2. ^ a b Høiland, Klaus (19. januar 2015). «Planten som påvirket norgeshistorien». Finse Alpine Research Centre. Universitetet i Oslo. Besøkt 13. desember 2016.
  3. ^ Kvann, Store norske leksikon, 2012-11-24 [1]


Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Kvann: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Kvann (Angelica archangelica) er en flerårig (sjeldnere toårig) plante som finnes i det meste av Norge i to ganske distinkte underarter: fjellkvann og strandkvann. Tidligere var dette en plante som ble dyrket som grønnsak.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO